Utsiktsplatå på stien opp til Utsikten. Stor og romslig terasse med solid rekkverk.Turen opp hit er vert strevet – for her får du litt av ei utsikt!!

Draumekvila kan vere målet for turen, eller ein pausestad for dei som skal vidare til andre turmål.

Dagsturhytta frå Sparebankstiftinga vart opna i desember 2017, med ein kjempefest.

Foto: Geir Skagen

Etter iherdig dugnadsinnsats stor hytta helit klar i kvelden før opningsdagen i 21-tida. Og fredag 8. desember var det høgtidleg opning, Fylkesordførar Jenny Følling og Ordførar Leidulf Gloppestad stod for snorklipping!
Mykje folk var samla på Draumekvila! Heile Nordstranda skule deltok, og var med på å skape liv og røre. I tillegg var det også nokre spreke barnehagar som tok turen opp i Trivselsskogen for å vere med på festen!. Totalt var det truleg nærare 200 personar som trossa surt desembervèr for å få med seg denne hendinga!Good Time Charlie opna festen med ein minikonsert frå scena på dagsturhytta – det svinga skikkelig og skapte kjempegod, nesten magisk stemning.Kultursjef Jan Kjetil Øygard styrte den offisielle delen av programmet, og som det seg hør og bør under ei slik opning var det mange som fekk ordet og mykje skryt vart berettiga delt ut. Mellom desse var Torill Berge veg Gloppen folkebibliotek, Atle Skrede frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Odd Kjetil Tonning frå Sparebankstiftinga, Arkitektane bak dagsturhyttene frå ROJO arkitekter AS, Egil Sagstad frå Reknes Bygg As, Ordførar Leidulf Gloppestad og Fylkesordførar Jenny Følling.Dagsturhytter er eit prosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, sparebankstiftinga og kommunane. Totalt skal 26 hytter skal fordelast utover alle kommunane i  heile Sogn og Fjordane. Dette er den aller fyrste som er klar!Bruk hytta med glede – og hjelp oss å ta vare på den slik at den held seg fin lenge!

Mange har strikka sitteunderlag, tøfler og lappeteppe for at du skal kunne halde varmen om du er blitt litt kald.

#draumekvila