Få nærkontakt med Holvikfossen – det blir som å oppleve eit teater – på ekte!

 

Vi skal bygge eit utsiktsplatå like ved Holvikfossen. Trygt avgrensa med rekkverk. Her blir en liten terasse, og mulighet for å sette seg på ein benk å berre nyte. Prosjekteringsarbeid er i gang og vi gleder oss til å presentere dette!

Dette er utsikta du kan nyte frå toppen av fossen!

Utsikt frå Holvikfossen

Vi har rydda området på toppen av fossen og laga ein flott rasteplass der du kan sitte å studere og reflektere over kor alt vatnet kjem frå…I tillegg håpar vi å få på plass rampen «Fosseteater»  i 2018
 Skog og døde tre er fjerna og området opna seg veldig.  Sherpaene brukte 6 timar og 10 sekkar pukk og stein for å lage rasteplassen. ferdig.  Her kan du sitte å studere 2 fossar samtidig. Holvikfossen og Eidsfossen litt lenger unna. Vakkert.      

 

Dette er rampen «Fosseteater» vi ynskjer å sette opp på sida av Holvikfossen. Med tanke på auke tilstrøyming av folk er det viktig at området vert sikra. I dag er det små bjørker som sikrar mot fall på 70 meter. Installasjonen skal heisast på plass med helikopter og skal kvile på to mindre bæringar av betong som vert forrankra i fjellet.