Enda eit prosjekt under planlegging – Lyssetting

Vi skal sette opp unike lyspunkt rundt om i skogen. Dermed kan du som turgåar sleppe å ta hensyn til når tid det vert mørkt ute. Vi utvidar rett og slett tursesongen med lys!

Vi vil sette opp 70 stilys, og dette skal vere med å gjere Trivselsskogen enda meir brukarvennleg – også i den litt mørkare årstida.

Lysa vi skal sette opp er drivne 100% av solenergi, og dei er designa for nordiske forhold.

Eit vanleg gatelys krev at ein strekker kabel, enten i luftlinje eller i grøft til og mellom lysstolpane. Dette slepp vi med slike stilys –  I tillegg er strømmen heilt gratis.

For å finansiere dette treng vi bidrag – og vi prøver oss med ein betalings-dugnad der vi «sel» lyktestolpar. Dei som kjøper ein stolpe (5000 kr pr stk) får namnet sitt /evt firmalogo på stolpen

Slik ser lyktstolpane ut.