Trivselskogen SA skal tilrettelegge, utvikle og vedlikehalde sentrumsnært turområde med tanke på betre folkehelse.

Trivselsskogen er eit turområde under utvikling. Her finn du varierte stiar for einkvar smak, naturmøteplassar og flotte utsiktspunkt.

Velg den ruta som passar for deg, anten du ønskjer god trim eller berre ein rusletur med familien.
Besøk blant anna Draumekvila med flott terrasse, benkar, nydeleg utsiktspunkt og dagsturhytte frå Sparebankstiftelsen.
I Kjærleiksskogen kan du henge opp eit hjarte, risse i mosen på steinane. På dei brattaste partia opp til Utsikten og Holvikfossen har dyktige sherpaer bygd solide trappetrinn heilt til topps.

Vi lot oss imponere over teknikk, kraft og kunnskap.