Trivselsskogen har utvikla seg litt mens vi går. Det dukkar stadig opp nye element vi kan lage, ta fram eller vise. Her skal du kunne oppleve naturen på nært hald. Gjere det du vil eller absolutt ikkje gjere noko, berre vere til stades i naturen. Det vert lagt opp til variasjon i stinettverket og opplevingane i skogen. Kartet under viser kva vi har gjort og kvar ein tenker gjere tiltak og utbetringar. Kvart punkt vert beskrive

Nr 1  Tursti til Utsikten.

Flott turst med variasjon i underlag. Grus, natur, klopp og sherpatrapper møter du på vegen opp. Frå Draumekvila (3) møter du trapper og stien vert litt brattare. Avslutninga mot Utsikten vert ståltrapp som er bestilt og vil kome på plass før juni 2018.

Oppstart-ferdig 10.09.16-juni 2018

Nr 2  Turveg og stinettverk

I området er det eit eksisterande skogsvegnett. Dette er utgangspunktet når ein skal rydde området, lage aktivitets- og møteplassar. Skogsvegen skal ryddast fri for kvist og stein. Vegen skal kunne nyttast som traktorveg i framtida slik den vert nytta i dag. Ein skal difor ikkje lage trappetrinn eller andre hindringar i dagens vegnett. Der ein lagar nye stiar må ein lage nye ferdsårar. Ein kan utvikle avstikkarar på skogsvegnettet til opplevingar som ligg ved sida av vegen. Område langs skogsvegar som kan vere farlege må sikrast. Vi står her igjen med stien som går mellom stien frå Ustiken og Holvikfossen. Her skal vi grave vekk jord og erstatte dette med pukk og flis slik at vegen vert god å gå sjølv om det skulle regne sidelengs.

Oppstart-ferdig  2016-september 2018

Nr 3  Naturmøteplass 1 – Draumekvila

Draumekvila er ferdig der den først dagsturhytta i Sogn og Fjordane opna 08.12.17.

Oppstart-ferdig  2016 – des 2017.

Nr 4  Sherpatrapper 1

Trappene vart bygd i persioden 8. mai til 23. juni 2017. Dei består av 374 trinn. I enden av stien kjem ei 3-delt trapp i stål som skal koplast direkte på Utsikten. Denne vert sett opp våren 2018.

Nr 5 Sherpatrapper 2

Arbeidet med trappene starta 3 juli 2017. Dei starta med lokal stein, men måtte gi tapt då steintypen i området var for hard til å delast. Vi måtte difor fly inn stein frå Nordfjord Skifer. I 2017 hadde vi 160 helikoterløft. Det er planlagt 100 nye i 2018 for å ferdistille stien til Hovlikfossen. Dette arbeidet vert utfør mai 2018.

Nr 6  Tursti opp langs Holvikfossen

Arbeidet med turstien til Holvikfossen er godt i gang. Grunneigar på første del, Svein Hovstad har fått utbetra traktirvegen slik at han kjem seg opp i skogen for å kunne ta ut tømmer. Her har vi lagt naturflis på toppen slik at vi har ein god veg å gå. I enden av denne har vi murt oss opp ein kant som tar imot vatn dei dagane det verkeleg regnar. Tidlegare vart stien nedanfor dette området øydelegt av vatn. Vidare oppover, heilt til du kjem til sherpatrappene, vert det mindre utbetringar. Her ynskjer vi berre å gjere stien trygg å gå både opp og ned. Sherpaene kjem tilbake i mai 2018 for å ferdistille dei partia dei ikkje rakk i fjor. Frå toppen av Hovlikfossen og opp på vegen må vi utbetre våte parti med klopp, pukk og grus.

Oppstart-ferdig  2017- sept 2018.

Nr 7  Naturtrimrom med treningsapparat

Det skal lagast område med treningsapparat rundt om i Trivselsskogen og langs stiane. Dette for å gi turgåarar og aktive trimmarar eit betre tilbod når dei er ute. Apparata skal integrerast i naturen. Det vil bli 4 stasjoner med 4-5 apparat på kvar. Mellom stasjonane vil det vere ca 3 minutt gangtid. HAr du innspel her, tar vi gjerne imot dette. Firda VGS idrett er kopla på dette arbeidet som skal vere ferdig i 2019.

Oppstart-ferdig  2018-2019

Nr 8  Oppgradert plattform på Utsikten

Utikikkspunktet på Utsikten skal få seg ein makeover. Trappa frå stien vil kome opp på sida av dagens platå. Vi ynskjer å erstatte rekkverket og benkane og vil gje desse eit løft. Ellers vil punktet på Utsiken bli slik det er i dag.

Oppstart-ferdig  2018 – 2018.

Nr 9  Sikring og utsikt med Fosseteater

Vi har tidlegare teikna ein «hestesko» som vi hadde tenkt plassert på Holvikfossen. Dette har vi gått vekk i frå då det ville medført store inngrep i sjølve fossen. No ynskjer vi berre å sikre dagens område på høgre sida når du kjem ned til fossen. Her skal vi erstatt dei små bjørkene, som skil oss frå å reise ut føre, med ein rampe med rekkverk av glas. Rampen skal i tillegg stikke 4-5 meter ut i lufta og ha rist i golvet som vil gjere det til ei litt luftig oppleving. Her kan du stå å obeservere fossen spele teater for deg.

  • Utkikkspunkt som tar deg nær/ut på fossen
  • Naturlege sitjeplassar rundt toppen av fossen. Plassen skal vere for å observere fossen gjennom dei ulike årstidene og med ulik vassføring i elva.

Oppstart-ferdig  2017-2018

Nr 10  Temaområde «Trygg i naturen» (Tin-Camp)

Trygg i naturen er eit stort område der barn og unge skal kunne lære seg å bli glad i, vere og overnatte ute i naturen. Området vil får gapahukar, telt og hengekøyplassar i skogen, aktivitetsområde og eit eige amfi for undervising og formidling. Her vil å bli eit toalett. Her vil vere plass til 4 skuleklassar samtidig og vere eit perfekt leirområde.

Oppstart-ferdig  2017- september 2018

Nr 11  Lyssetting

Skogen ska lyssettat med grønn energi. Vi har funne løyisnga med solcelle og led teknologi. Det er bestilt inn 40 lyspunkt av totalt 70 som skal opp. Leverandøren seier dette om lyset. Lyset har både lys og bevegelse sensor. Standard innstillingen er at lyset står på i 6timer etter mørkets frembrudd, de neste 5 timene vil lyset kun slå seg på ved bevegelse. Deretter vil den slå seg på i tre timer dersom det fortsatt er mørkt.

 

Spesifikasjoner

12W lampe, 56 AH batteri, 72W mono solpanel, mppt, 4.5m stolpe (kjerneved), hatt, sokkel og fundament. Lys- og bevegelsesensor. Lyset kastes i en oval form minst 6 meter hver vei. Lysmasta kan lyse i opp til 20 dager uten solinnstraåling.

Oppstart-ferdig  2017-september 2018

Nr 12  Tilrettelegging for rørslehemma på Utsikten og Fosseteateret så langt vi klarar.

Dei to store attraksjonane, Utsikten og Fosseteater skal så langt råd er tilretteleggast rørslehemma. Det vil bli utarbeida parkeringsplass ved Utsikten samt parkering og veg ned til Fosseteateret.

Oppstart-ferdig  2016-2018