Sherpaer frå Nepal har bygd trapper i Trivselsskogen – både i stien til Utsikten og stien opp langs med Holvikfossen. Det er lett å la seg imponere av arbeidet dei har gjort. – må opplevast!

Dette er parti på veg mot Utsikten. All steinen er funne i området. Arbeidet på bildet vart utført på 3 dagar.

Dette er på veg mot Holvikfossen. Dei starta stien med lokal stein. Her var imidlertid steintypen så hard at vi måtte kjøpe inn stein. Dei sleit veldig med å dele steinen og øydela spesial meislane sine frå Nepal under arbeidet.

Vi har hatt Sherpaer i to sesongar. I 2017 var her eit team i perioden mai-september og la ned 2700 timar og ein enorm innsats som resulterte i nydelige trapper som smykkar skogen!  Så kom dei tilbake våren 2018 og ferdistillte mellompartiet på stien til Hovlikfossen, dei brukte omlag 1000 timar på dette arbeidet. Og trappene som no står i skogen er blitt solide og utruleg vakre.

Vi har frakta mange las med stein opp i stiane, med helikopterløft. I 2017 hadde vi 160 helikopterløft og ca 100 nye løft vart gjennomført i 2018.

Steinen fekk vi levert frå steingalne Nordfjord skifer. Dei finn du på www.nordfjordskifer.no eller ring Sverre Anton Sunde på tlf nr 91763804.

4 sherpaer frå Nepal som bygde flote steintrapper i Trivselsskogen sommaren 2017. Frå venstre Nima, Nigma, Bam og Bire Sing.