Turen treng ikkje vere lang for at du skal oppleve kva Trivselsskogen har å by på.

Solplatået er eit perfekt stopp på turen, her står tre lange generøse benkar som mange kan nytte samtidig. Et nista her – eller berre ta ein pust i bakken og nyt utsikta – for utsikt får du allereie her! Om våren skin heile området opp av påskeliljer, og er eit vakkert syn!