Trygg i naturen er vårt nye store prosjekt.

Trygg i Naturen ynskjer å gje barn, unge og folk med funksjonshemmingar – høve til å få lettare tilgang til naturen.

Her kjem det 6 gapahukar med soveplass til 6 personar i kvar. Rundt gapahukane kjem det bålplassar og bakarovn. Her kan du for eksempel steike din eigen pizza eller bake ditt eige brød. Ta med kollegaene dine på matkurs i det fri, eller overnatt i ei hengekøye under åpen himmel. Formålet er å lære folk å bli trygg i naturen. Området skal også brukast til klasserom i det fri. Lær deg å bygge gapahukar.  Materialet skal ligge klart.

Vi håper også at dette kan vere ein innfallsport til friluftsliv for til dømes flyktningar som ikkje er vande med å bruke naturen til tur og rekreasjon. Vårt Trygg i Naturen- prosjekt skal vere eit lågterskeltilbod. Vi har sett av eit område i skogen på omlag 4 da. Dette er eit flatt og fint område som vi skal rydde og tilrettelegge for overnatting (teltplassar/gapahukar) utan at det er altfor langt å gå.

Samarbeidspartnarar:

Nordfjord Folkehøgskule – Tilrettelegging for matopplevingar i det fri. Turmat.

Speideren – Lær deg å bygge din eigen gapahuk. Sett opp og ta ned. Materialet ligg klart.

Firda Vgs – Klasserom i det fri. Tett på naturfag! Kan det bli bedre?

Gloppen Hotell – Teamwork-arena. Faglig eller berre moro.

Turlaget – Camp

 

Arbeidet på området tok til i januar 2018, og i fyrste omgang er det grunnarbeid og grøfting, i løpet av våren og sommaren vil campen ta meir form, og hausten 18 tek vi sikte på å ferdigstille området.

 

Grunnarbeidet med TIN-camp er i gang! (Februar 2018)
TIN-camp, grunnarbeid

 

Skisse over bålplassane som skal høyre til dei 6 planlagde gapahukane.

Det er eit stort område i skogen som no blir transformert. Dette bildet er tatt 10 dager før opning

        

TIN-Campen opna 30.09.18. Her er store (ca 300 pers) og vesle (ca 40 pers ) skogsamfi, bakehus med vedfyrte bakarovnar, mat troll og 6 gapahuka med plass til minst 6 personer i kvar. Det kjem bålplass framfor kvar gapahuk. I tillegg er her gapahukar i skogen, hengekøyområde, teltplass eller du kan overnatte under open himmel på grasplenen vår. Mange alternativ. Her er plass til minst 3 skuleklassar samtidig med ulike overnattingsalternativ. Området er og perfekt til konsertar eller andre typer samlingar. Dersom du ynskjer å reservere TIN-Camp området for overnatting eller andre typer arrangement, send mail til post@trivselsskogen.no