Trivselsskogen skal byggast, stellast og vedlikehaldast av alle.

Pr juli 2018 er det utført ca 4000 dugnadstimar i Trivselsskogen. Dette er bidrag vi er heilt avhengig av for å kunne bygge skogen. Det er laurdagane som er den store dugnadsdagen. Her jobbar vi mellom kl 10.00-14.00. Det er sett opp fylgjande dugnadslaurdagar framover.

LAURDAGSDUGNADAR

August : 4, 11, 18

September 1, 8, 15, 22

Alle dugnadane har oppmøte på lunneplassen i Holvika og vert kunngjort på facebook sida til Trivselsskogen.

For å kome i mål med «Trygg i naturen» treng vi og å jobbe onsdagane. Her jobbar vi mellom 17.00-20.00 med oppmøte på lunneplassen i Holvika.

ONSDAGSDUGNAD

August: 8, 15, 22

September: 5, 12, 19, 26

 

FIRMADUGNAD

Avinor, SFE, Frydenbø og andre har hatt firmadugnader i skogen. Har ditt firma ynskje om å bidra, og samtidig ha ein sosial happening, er det berre å ta kontakt så set vi opp og tilpasser ein dugnadsdag og tid for ditt firma. Ta kontakt med dugnadsansvarlig Knut Roger Nesdal på tlf 48 04 08 25. Dette er kjempesosilat.

 

Eli tok trappevasken på 425 trinn frå Utsikten til Draumekvila 24. mars 2018 ilag med Ola Marius og Knut Roger.