top of page

Dugnad

Trivselsskogen skal byggast, stellast og vedlikehaldast av alle.

Pr oktober 2022 er det utført over 11.000 dugnadstimar i Trivselsskogen. Dette er bidrag vi er heilt avhengig av for å kunne bygge skogen.
 

Frå hausten 2022 vil vi jobbe med vedlikehald og løfte kvalitet på stiane. Det er laurdagane som er den store dugnadsdagen. Her jobbar vi mellom kl 10.00-14.00. Alle dugnadane vert annonsert på Trivselsskogen si facebook side.


Alle dugnadane har oppmøte på parkeringsplasse i skogen.


I skogen er ein gjeng som er over snittet gira på å få gjort noko. Dette er ei prosjektgruppe direkte underlagt «dugnadssjefen» Knut Roger Nesdal. Ha du lyst å få førstehandsinfo om alt som skjer og vere med her, ta kontakt med Knut Roger på 48 04 08 25.


FIRMADUGNAD

Avinor, SFE, Frydenbø og andre har hatt firmadugnader i skogen. Har ditt firma ynskje om å bidra, og samtidig ha ein sosial happening, er det berre å ta kontakt så set vi opp og tilpasser ein dugnadsdag og tid for ditt firma. Ta kontakt med dugnadsansvarlig Knut Roger Nesdal på tlf 48 04 08 25. Dette er kjempesosialt.

Vi set vår ære i å ha godt tilrettelagde dugnadar. Når du kjem på dugnad med oss er all material på plass, nødvendig utstyr og rekvisita er henta og vi er klar presis.

bottom of page