top of page

Støtt oss!

Trivselsskogen er bygd av eldsjeler på dugnad som ynskjer å skape eit fantastisk nærturområde for alle. Prosjektet er IKKJE kommunalt, som mange trur, og er difor avhengig av at folk og firma teiknar andelar eller støttar på anna måte for å finansiere utbygginga. Det er på denne måten vi ilag kan løfte Trivselsskogen. Medlemskap kan teiknast av einskildpersonar, lag eller organisasjonar, grunneigarar, næringsdrivande eller andre. Ingen av medlemmane har noko ansvar for laget sine økonomiske plikter utover innskotet. Medlemmane skal ikkje betale nokon årleg kontingent.

Det er pr oktober 2022 investert ca 11 millionar og 11.000 dugnadstimar som ikkje er mindre enn imponerande.

 

For at Trivselsskogen skal halde kvaliteten og kunne utvikle seg, er vi avhengig av støtte frå mange hald. Måten du kan støtte på er…

  • Kjøp lyktestolpe. Kr 5000.- pr lyspunkt

  • Vipps 544173 eller 75456

  • Parkeringsavgift. Vipps 754991

  • Støtt med produkt, varer eller tjenester.

Når alle bidreg litt, får blir totalen så utruleg mykje større. Bli med på laget.

Er det andre måtar du ynskjer å støtte Trivselsskogen, send oss eit hint på post@trivselsskogen.no

KjøpAndel_face-reklame_mai2017_ver2-1024x722.jpeg
bottom of page