top of page

Kart over området

Trivselsskogen var ferdig oktober 2021 slik vi planla den i 2015. No går vi rundt og ser på at det dukkar  opp nye element vi kan lage, ta fram eller vise. Her skal du kunne oppleve naturen på nært hald. Gjere det du vil eller absolutt ikkje gjere noko, berre vere til stades i naturen. Det er lagt opp til variasjon i stinettverket og opplevingane i skogen. Kartet under viser kva vi har. Kvart punkt vert beskrive

kart.png

Det er forbod mot å nytte eingongsgrillar i heile Trivselsskogen

Nr 1  Solplatået

Etter kun 100 meter kjem du til Solplatået. Her er sitteplassar til 45 personar og eit solur du kan sjå kva klokka er. Tidleg haust er det eit hav av påskeliljer i området.


Nr 2  Kjærleiksskogen

I kjærleiksskogen kan du vise omtanke til nokon du er gla i eller på anna måte vise omtanke. Skogen er full av hjarter og symbol som folk har hengt opp og lagt igjen for å vise sin kjærleik. Hugs å ta med deg eit hjarte du kan henge opp
 

Nr 3  Draumekvila, dagsturhytta

Draumekvila er ferdig der den først dagsturhytta i Sogn og Fjordane opna 08.12.17.
 

Nr 4  Sherpatrapper

Trappene vart bygd i perioden 8. mai til 23. juni 2017. Dei består av 374 trinn. I enden er ei 3-delt trapp i stål som er kopla direkte på Utsikten.
 

Nr 5  Bukkene Bruse

På den 18 meter lange ståltrappa, finn du dei 3 bukkene bruse på veg til setra for å gjere seg feite.
 

Nr 6 Oppgradert plattform på Utsikten

Utkikspunktet på Utsikten gir deg eit fantastisk bilde over fjordlandsbyen Sandane, Sørstranda og fjella rundt. Om du vil sette deg ned å nyte nista eller ein kaffi, er her både benkar og bord.
 

Nr 7  Fosseteater

Fosseteateret på Holvikfossen er eit av dei store høgdepunkta i Trivselsskogen. Rampen ligg 80 meter over fossenedslaget og er ei luftig og spetakulær oppleving.

  • Utkikkspunkt som tar deg nær/ut på fossen

  • Naturlege sitjeplassar rundt toppen av fossen. Plassen skal vere for å observere fossen gjennom dei ulike årstidene og med ulik vassføring i elva.
     

Nr 8 Sherpatrapper

Arbeidet med trappene starta 3 juli 2017. Dei starta med lokal stein, men måtte gi tapt då steintypen i området var for hard til å delast. Vi måtte difor fly inn stein frå Nordfjord Skifer. I 2017 hadde vi 160 helikopterløft. Det  vart gjennomført 100 nye i 2018 for å ferdistille stien til Holvikfossen. Dette arbeidet vert utfør mai 2018. Dei 640 trappetrinna mot Holvikfossen er reine kunstverk.
 

Nr 9 Lyslotto

Lyslotto er den perfekte aktiviteten for å kome seg ut når det er litt mørkt. Dette er kjempeengasjerande for alle å vere med på. I den gule løypa finn du «Lyslotto» spelet vi har laga. Sjekk ut på framsida korleis du finn spelebrettet på mobilen. Til ei kvar tid er det 20 dyrefigurar ute som lyser opp når du treff dei med lommelykta.
 

Nr 10  Temaområde «Trygg i naturen» (Tin-Camp)

Trygg i naturen er eit stort område der barn og unge skal kunne lære seg å bli glad i, vere og overnatte ute i naturen. Området har 6 gapahukar, 6 bålplassar, telt og hengekøyplassar i skogen, aktivitetsområde og eit eige amfi for undervising og formidling. Her er det 2 toalett. I bakehuset er det 2 pizzaomnar som du kan leige og som kan fyrast opp. Her vil vere plass til 4 skuleklassar samtidig og vere eit perfekt leirområde. Her er langbord til minst 45 personar.
 

Nr 11  Fugleskogen

I dette området er det mykje fuglekvitter. Folk har hengt opp fuglekassar som det ofte er fugl i.
 

Nr 13  Bekkestien

Bekkestien er det første du møter på når du startar i skogen. Dette er ein superidyll av ein tur langs den vesle bekken. Høyr alle lydane når du går her.
 

Nr 14  Tuftepark, stubbespenst og KK-flata

Dette er området for deg som ynskjer å kombinere tur i skogen med litt styrketrening. Området har eit rikt utval av apparat og moglegheiter. På KK-flata finn du utstyr du kan låne. Hugs å rydd etter deg. Her er sitteplassar med bord du kan nyte nista di eller sitte å planlegge økta. Her er matter nedfelt som underlag om du vil drive yoga eller pilates. Dette er eit heilt unikt treningsanlegg

Nr 15  Buldreberget

I treningsparken, pkt 14, er «Buldreberget» under utvikling. Dette er ein vegg som er ca 40 meter lang og mellom 1-4 meter høgde. Veggen vil få ruter med overheng og har naturlige grep i fjellet. Veggen vert kun rensk og finpussa i tillegg til det naturen sjølv har slipt den.
Buldreberget opnar våren 2023.

bottom of page