Trygg i Naturen
TIN-Camp
Trygg i Naturen ynskjer å gje barn, unge og folk med funksjonshemmingar – høve til å få lettare tilgang til naturen.
Her er det 6 gapahukar med soveplass til minst 6 personar i kvar. Rundt gapahukane er det bålplassar og 2 bakarovnar. Her kan du for eksempel steike din eigen pizza eller bake ditt eige brød. Ta med kollegaene dine på matkurs i det fri, eller overnatt i ei hengekøye under åpen himmel.
Formålet er å lære folk å bli trygg i naturen. Området skal også brukast til klasserom i det fri. Lær deg å bygge gapahukar. Materialet skal ligge klart.
Vi håper også at dette kan vere ein innfallsport til friluftsliv for til dømes flyktningar som ikkje er vande med å bruke naturen til tur og rekreasjon. Vårt Trygg i Naturen- prosjekt skal vere eit lågterskeltilbod. Vi har sett av eit område i skogen på omlag 4 da. Dette er eit flatt og fint område som vi skal rydde og tilrettelegge for overnatting (teltplassar/gapahukar) utan at det er altfor langt å gå.
Samarbeidspartnarar:
Nordfjord Folkehøgskule – Tilrettelegging for matopplevingar i det fri. Turmat.
Speideren – Lær deg å bygge din eigen gapahuk. Sett opp og ta ned. Materialet ligg klart.
Firda Vgs – Klasserom i det fri. Tett på naturfag! Kan det bli bedre?
Gloppen Hotell – Teamwork-arena. Faglig eller berre moro.
Turlaget – Camp
Arbeidet på området tok til i januar 2018. I løpet av våren og sommaren tok campen meir form. 30. september 2018 opna generalsektretær i DNT, Nils Øveraas og generalsektretær i Extrastiftelsen (DAM) Hans Christian Lillehagen TIN-Camp.
Det er eit stort område i skogen som no er transformert.
TIN-Campen opna 30.09.18. Her er store Skogsamfi til ca 300 pers og vesle Skogsamfi til ca 40 pers, bakehus med 2 vedfyrte bakarovnar, mat troll og 6 gapahuka med plass til minst 6 personer i kvar. Det er bålplass framfor kvar gapahuk. I tillegg er her gapahukar i skogen, hengekøyområde, teltplass eller du kan overnatte under open himmel på grasplenen vår. Mange alternativ. Her er plass til minst 3 skuleklassar samtidig med ulike overnattingsalternativ. Området er og perfekt til konsertar eller andre typer samlingar. Dersom du ynskjer å reservere TIN-Camp området for overnatting eller andre typer arrangement, send mail til post@trivselsskogen.no