top of page

Tufte & Treningsparken

Parken er laga for at du skal kombinere turen med litt styrkeøvingar. I parken finn du ein komplett Tuftepark. I tillegg har vi utvikla «Stubbespenst», ei spenstrapp med 6 trinn med høgde 40 cm pr trinn. Kongetrinne opp på stubben på toppen er 79 cm høgt. Klarer du det ?

For at alle skal finne sine øvingar i området har vi og utvikla ei flate for basistrening. Denne har fått namnet «KK-flata» etter utviklarane Knut Roger Nesdal og Knut Stian Fjellestad. Her er store skilt som viser øvingsprosgram, slynger og battleroap arena.
 

På KK-flata er det to skap med utstyr. Det eine er ope for alle, men det andre er for grupper som er her og trenar.

Hugs å rydd alt utstyret på plass etter deg og heng opp battleroap taua slik at dei ikkje vert våte

Foto_DinaRygg-01.jpg
Foto_DinaRygg-14.jpg
bottom of page