top of page
Solplatået
Turen treng ikkje vere lang for at du skal oppleve kva Trivselsskogen har å by på.
Solplatået er eit perfekt stopp på turen, her står tre lange generøse benkar som mange kan nytte samtidig. Et nista her – eller berre ta ein pust i bakken og nyt utsikta – for utsikt får du allereie her! Om våren skin heile området opp av påskeliljer, og er eit vakkert syn! Om du lurer på kva klokka er, såer her eit gamalt solur som viser dette.
bottom of page